Har du søkt om dagpenger hos NAV?

Mottar du dagpenger og jobber litt i landbruket ved siden av, trenger du nå kun å føre på halvparten av timene.

Dette melder NLT sentralt; I daq, 1.04.2020 kom det en nyhet fra regjeringa om at dagpengemottakere som arbeider i landbruket bare trenger å føra opp halvparten av timene på meldekortet.

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/mer-gunstig-a-kombinere-dagpenger-og-sesongarbeid-i-landbruket/id2696023/?utm_source=www.regjeringen.no&utm_medium=epost&utm_campaign=nyhetsvarsel%2001.04.2020&utm_content=Mat,%20fiske%20og%20landbruk

NLT melder ellers om disse nyhetene

Arbeidskraft

Det er no opna opp for at utanlandsk arbeidskraft frå EU/EØS-området, som ikkje har arbeidskontrakt signert før 18. mars, og kan kome inn i landet. Dette gjelder for dei arbeidstakere som skal arbeide i ei næring som har kritisk behov for arbeidskraft, som landbruket. Det ser ut som om det ikkje er krav om arbeidsforholdet skal vare i minimum 3 månader for denne gruppa. EU har sendt melding til alle sine medlemsland at dei ikkje skal hindre fri ferdsel for arbeidskraft i EU-området. UDI handsamer fortsatt ikkje mottekne eller nye søknader frå tredjepartsland. Det vert arbeidd med at søknader som er motteke vert handsama slik at svar på desse er klare når eventuelle restriksjonar vert oppheva.

Det vil fortsatt vera krav om karantene i 14 dagar for dei som kjem frå utlandet, men det er i fleire kommunar opna opp ein praksis at ein kan arbeide i karantenetida dersom ein arbeider åleine eller få i lag, i frukthage, åker eller fjøs. Ein er då avhengig av å kome seg på arbeid utan å ta offentleg transport eller liknande. Ein skal elles følgja gode hygienerutinar og dei føringar som er lagt frå myndigheiter. Det skal ikkje vera kontakt med oppdragsgjevar eller hans familie. Om det skulle oppstå teikn på sjukdom vert ein rekna som smitta og skal då isolera seg. Det er den einskilde kommune som må gjera vedtak på om dei godkjenne denne praksisen eller ikkje.

 

Det vert arbeida med å kartlegge kor mange personar ein ser det er behov for av norsk arbeidskraft. Det er mange som har meldt si interesse for å arbeide i landbruket, men foreløpig er det lite sesong som er kome i gong. Det vert sett på ulike insentiv for å sjå kva som skal til for at landbruket ser seg råd til å bruke norsk arbeidskraft. Ein har fokus på å få ut informasjon til media om kva behov ein ser framover.

Det vert no arbeida med;

  • Å kunne tene ekstra utan at det går ut over dagpengar, frikortsporet til Norges Bondelag.
  • Midlertidige endringar innan tariffområdet.
  • Ein eigen arbeidskraftskampanje gjennom NAV.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.