Om landbruksvikarordningen

Landbruksvikarordningen

(kilde: Landbruksdirektoratet)

Landbruksvikarer skal avløyse bøndene ved sjukdom og i krisesituasjonar. Avløysarlaga har ansvar for at det er landbruksvikarar tilgjengeleg når det er behov for det.

Om ordningen

Ordninga omfattar om lag 234 landbruksvikarar som skal gje avløysing ved sjukdom og i krisesituasjonar for husdyr- og grøntprodusentar. Landbruksvikarane er tilsett i avløysarlaga. Bøndene må kontakte avløysarlaga ved behov for landbruksvikarar.

Avløysarlaga får tilskudd fra staten til landbruksvikarverordningen. Fra 2019 er det ingen regulering av hvor mye  avløysarlaga kan ta betalt for landbruksvikaren.

Administrering

Landbruksdirektoratet administrerer tilskotsordninga og fordeler tilskotsmidlane mellom fylkene.

Fylkesmannen fordeler årsverk landbruksvikarar mellom avløysarlaga innanfor sitt fylke.  Ved fordeling av årsverk blir det lagt vekt på mellom anna husdyrtettleik, reiseavstandar og infrastruktur.

Søknadsskjemaet ligg på Landbruksdirektoratet sine nettsider. Avløysarlaget sender søknaden til Fylkesmannen. Søknadsfristen er 1. februar.

Tilskotet blir utbetalt på forhånd. Avløysarlag som mottek tilskot skal rapportere om landbruksvikarverksemda si til Fylkesmannen ved å fylle ut rapporteringsskjema som ligg på Landbruksdirektoratet sine nettsider. Fristane for å rapportere er 1. februar og 1. juni året etter.

Fordeling av årsverk landbruksvikarer 2020

2020 Sats pr årsverk 283 900
Fylkesmannsembete Tal på årsverk, ca. Tilskotsmidlar, beløp kr
Oslo og Viken 17,6 4 997 000
Innlandet 37,7 10 703 000
Vestfold og Telemark 11 3 129 000
Agder 10,2 2 896 000
Rogaland 25 7 098 000
Vestland 39 11 072 000
Møre og Romsdal 17,7 5 025 000
Trøndelag 42,2 11 981 000
Nordland 25,2 7 154 000
Troms og Finnmark 14,7 4 173 000